Suksess med heilaften i Bergen for å freiste med jobbmoglegheiter

– Om nokon seier at næringslivet i Måløy er kjedelig veit ikkje dei kva dei pratar om!

Elise Silden, marketing assistant i Babord

Torsdag 5. oktober arrangerte Måløy Vekst Måløytreff i Bergen. Dette går ut på at vi tek med oss lokale bedrifter til Bergen for å vise fram moglegheitane som fins i næringslivet og arbeidslivet i Måløy. Denne gongen var det Ervik Havfiske Gruppen, Babord, Selstad, Kinn kommune og PwC som tok turen saman med oss.

– Ekstra kjekt var det at Kinn kommune stilte med to representantar, både kreftsjukepleiar Elise Sandvik og lærar Camilla Silden. Det er flott å få vist fram eit vidt spekter av moglegheiter.

Seline Larsen, kommunikasjonsrådgjevar i Måløy Vekst

Alle bedriftene som deltok har eit rekrutteringsbehov, men ikke alle har utlyste ledige stillingar til dømes på finn.no.

– Ta opp telefonen og ring bedrifta du er interessert i, eller send ein e-post. Ein ting er sikkert, og det er at alle er interesserte i å snakke med dykk og ein bit ikkje i andre enden!

Marcus vangberg, PwC Nordvest

Samla søskenflokken

Under arrangementet stilte to søstre Silden som føredragshaldarar, både Camilla Silden for Kinn kommune og Elise Silden for Babord. I tillegg var yngste søster i flokken, Mette Silden, også tilstades som påmeldt på arrangementet.

Det var om lag 50 stk tilstades på arrangementet, som fann sted på Kulturhuset i Bergen. Her var det både Måløyværingar og personar med tilknyting til Måløy, men også personar som hadde spesiell interesse for ei eller fleire av bedriftene som var tilstades.

– Det er veldig kjekt å sjå at dei påmeldte viser interesse for moglegheitene i Måløy, og vi oppfattar at Måløytreffa fungerer svært godt for å komme i kontakt og halde kontakten særleg med Måløyværingar som har flytta vekk for å studere.

Seline Larsen, Måløy Vekst

Utvider konseptet

Vi er svært nøgde med gjennomføringa av arrangementet i Bergen, og vi har også hatt god erfaring med å arrangere Måløytreff i Ålesund. No tek vi med oss konseptet også til Trondheim, truleg i løpet av november månad.

– Vi jobbar akkurat no med å sette dato og programmet og vil komme ut med meir informasjon fortløpande. Her er det berre å følge med i våre kanalar i sosiale medium.

Seline Larsen, Måløy Vekst