Feira sommaren med fest, mat, quiz og god musikk

Ungt Nettverk Måløy og Studiesenter Kysten slo seg saman om ein sommarfest for unge vaksne og studentar fredag 21. juni. På Kraftstasjonen vart det fullt hus i løpet av kvelden, og gjestane kunne kose seg med matservering, musikkquiz og live musikk frå Magnus Wærness og Jørn Trollebø Kvalheim.

  • Det var veldig kjekt at så mange møtte opp, og vi gler oss til å samarbeide med Studiesenter Kysten om fleire arrangement framover, seier kommunikasjonsrådgjevar i Måløy Vekst og koordinator i Ungt Nettverk Måløy, Seline Larsen.

Til sommarfesten retta vi oss også mot studentar heime på ferie for å fortelje dei om Måløy Vekst sitt studentprosjekt, kor vi legg til rette for samarbeid mellom studentar og lokalt næringsliv. Dette kan vere i forbindelse med skriving av bachelor- eller masteroppgåver, eller at ein ønskjer eit internship eller praksisperiode. Kan dette vere noko for deg? Ta kontakt med anne-stine@maloyvekst.no!

Kva er Ungt Nettverk Måløy?

Ungt Nettverk Måløy er eit sosialt nettverk retta mot unge vaksne som bur og/eller arbeider i Måløy-regionen. Målet er at nettverket skal skape meir aktivitet for denne gruppa som kan bidra til bu-lyst og trivsel. Satsninga er ein del av Måløy Vekst sitt arbeid som skal leggje til rette for at Måløy er ein attraktiv stad å bu og jobbe.

Kva er Studiesenter Kysten?

Studiesenter Kysten er eit samarbeidsprosjekt mellom fem ulike kommunar på kysten. Gjennom prosjektet har ein etablert ein studenthub i Måløy, med 4 arbeidsplassar som ein kan bruke heilt gratis anten ein driv med studier på deltid eller heiltid i Måløy, eller ein er heime i Måløy på ferie og treng ein kontorplass for å jobbe med oppgåver. Studiesenter Kysten legg også til rette for desentralisert og fleksibel utdanning der ein bur og arbeider.

Registrer deg som student: https://studiesenterkysten.no/index.php/studentregistrering/
Kontakt: anne-stine@studiesenterkysten.no