Joachim og Seline er på plass i Måløy Vekst

I desember har det komme to nye medarabeidarar på plass i Måløy Vekst. Seline Larsen byrja i stillinga som kommunikasjonsrådgjevar og nyleg vart også Joachim Joensen ein del av laget i Måløy Vekst.

Sidan oppstarten 1. desember har Seline Larsen teke fatt i kommunikasjonsarbeid i ei rekkje prosjekt. Saman med Frank Willy og Anette jobbar dei med neste års cruisesesong i Måløy gjennom selskapet Måløy Adventure. Seline er også blant anna engasjert i Studentprosjektet med formål om utplassering av studentar i det lokale næringslivet, planlegginga av Måløytreff i fleire ulike byar, Måløy Byforening og ringvirkninger av Stad skipstunnel.

“Eg har blitt tatt veldig godt i mot i Måløy Vekst og arbeidet er svært spennande og motiverande”, seier Seline.

Les også: Seline Larsen er ny kommunikasjonsrådgiver i Måløy Vekst

Joachim Joensen er 24 år gammal og er fra Davik i Bremanger. No held han på med ein mastergrad i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Bergen. Men han og sambuaren ønsker å flytte til Måløy etter endte studier, og vi har tilbudt han ein deltidsjobb hos oss. Joachim vil i hovedsak jobbe med prosjektet ringvirkninger av Stad skipstunnel, men kan også bli kopla på andre prosjekt.

“Eg er utruleg glad og takknemleg for at eg har fått denne jobben. Prosjekta eg har fått bli med på er utruleg spanande og aktuelle, og det er verkeleg motiverande å jobbe med oppgåver der eg får brukt utdanninga mi. Eg har også blitt tatt utruleg godt i mot av gjengen som jobbar her, og trur at tida framover blir utruleg kjekk og lærerik”, fortel Joachim.

Dagleg leiar i Måløy Vekst, Randi Humborstad, er svært nøgd med å ha fått med Joachim på laget.

“Joachim tek ein mastergrad i samfunnsøkonomi som gir han nyttig kunnskap til å tenke analytisk og strategisk, noko som er viktig i analyse og utgreiingsoppgaver. I tillegg er Joachim samfunnsengasjert og utåtvend, og passar godt inn i miljøet i Måløy Vekst”, seier ho.

Måløy Vekst har stor aktivitet og nye prosjekt som har skapt eit behov for fleire ressursar. I 2022 tok Måløy Vekst initiativ til det nye reiselivsselskapet Måløy Adventure. Der er Måløy Vekst leigde inn for å drifte selskapet, og både Frank Willy, Anette og Seline jobbar med å planlegge og koordinere neste sesongs cruiseanløp. 

I tillegg er Måløy Vekst engasjert i  SmartBy Måløy, studentprosjekt (utplassering av studenter i næringslivet), Måløy Byforening, Grønn region Vestland, ringvirkninger av Stad skipstunnel, samt fleire rekrutteringstiltak og bolysttiltak. Måløy Vekst er også ein ivrig arrangør av større konferansar. I år har vi arrangert to store konferansar- Stad skipstunnel konferanse om bord i Havila Castor og konferanse om digitalisering av kystnæringane. Neste år planlegger vi å arrangere ein ny Sjømatkonferanse, samt Måløytreff i Ålesund, Trondheim og Bergen.