Føremålet er å stykje samarbeidet mellom medlemsverksemdene.
– Gjennom eit samarbeid kan vi utvikle kvarandre og ta på oss større oppdrag, seier Agnar Strømsnes, styreleiar i foreininga.
På bildet ser du styret i Maritim foreining Sogn og Fjordane:
Frå venstre: Gustav Johan Nydal, Gunnar Breivik, Agnar Strømøsnes, Trygve Solaas og Magne Aarvik. Siv Madsen og Jostein Bø var ikkje tilstades då biletet vart teke.
Samarbeid gir styrkje
Medan maritime verksemder på Sunnmøre har hatt eit tett samarbeid i mange år, har verksemdene i Sogn og Fjordane mangla eit nettverk som kunne hjelpe verksemdene å dra i same retning.
Spira til det nye nettverket vart lagt i ei forstudie finansiert av Innovasjon Noreg Sogn og Fjordane, der ein ønskja å kartlegge mulegheiter og avgrensingar for ei muleg maritim klynge i fylket. Sist tysdag vart foreininga skipa, med Agnar Strømsnes som styreleiar.
Strømsnes som til dagleg er adm. dir ved Saga Fjordbase i Florø er veldig nøgd med at heile 43 verksemder har meld seg inn i foreininga.
Skape ein samarbeidskultur
– Dette er eit forsøk på å skape ei maritim klynge i fylket. Den maritime klynga på Sunnmøre har vore avgjerande for utviklinga og nyskaping i verksemdene. Vi vonar at vi kan skape ein samarbeidskultur mellom verksemdene som kan styrkje innovasjon og konkurranseevna til verksemdene, seier Strømsnes.
To-delt satsing: talerør og arena
– Vi legg opp til ei to-delt satsing. Foreininga skal vere eit talerør for medlemane inn mot myndigheiter. Vi skal også vere ein arena for samarbeid mellom verksemdene i fylket og eit knutepunkt for kontakt med eksterne fora, til dømes den maritime klynga på Sunnmøre, seier Strømsnes til slutt.
Utvikle bedriftsnettverk?
Innovasjon Noreg kan gje støtte til bedrifter som går saman om å utvikle nye produksjonsmåtar, produkt, tenester eller distribusjonskanalar. Bedriftsnettverk er eit tenestetilbod som oppmodar bedrifter til å samarbeide om nye marknadsmulegheiter.
Tenesta skal stimulere til vekst og nyskaping i heile Noreg – og få bedrifter til å sjå mulegheiter på tvers av sektorar og kompetanseområde. Les meir om støtteordninga Bedriftnettverk.